Vår styrke ligg i grundig analyse av målgruppe, og rett bruk av utforming og verkemiddel, slik at mål og bodskap skal bli nådd på ein effektiv måte. Det er her mange ikkje gjer jobben grundig nok – og det er nettopp her det løner seg med profesjonell hjelp.
Oversetting både til og frå mange ulike språk (sjå flaggborga), utført med garantert topp kvalitet. Vi organiserer oversettarane ikkje berre på språk, men også erfaring og realkompetanse i ulike felt. Dermed aukar vi nivået ved å utnytte kunnskapen.
Korrektur, søknader, m.m., til nynorsk og bokmål. Alltyp Språksikring har mange svært dyktige medarbeidarar på språkvask og korrektur. Her er det universitetsutdanning og solid kompetanse og erfaring heile vegen, og kvar person har sitt spesialfelt.


















