Lia 3855 Treungen, Mob: 9717 7014 → post@alltyp.no

Norwegian English Deutsch Francais Espanyol Nederlands Dansk Magyar Italiano Russian Japanese Eesti Keel Portugues Svenska Chinese Lietuvia Kalba Suomi Latvia Pakistan Czech Republic

Alltyp Språksikring tilbyr oversetting både til og frå mange ulike språk; sjå flaggborga. Sjølv med høg kompetanse tilbyr vi som regel dei lågaste prisane – blant anna på grunn av vår effektive firmaorganisering og gode erfaring. Vi organiserer oversettarane ikkje berre på språk, men også erfaring og realkompetanse i ulike felt. Dermed aukar vi nivået ved å utnytte kunnskapen.

Kompetanse

Vi har medarbeidarar med høg kompetanse, språklig akademisk bakgrunn, og fleire med morsmålsbakgrunn. Kvalitetssikring står i høgsetet, og som regel er det fleire av oss som går gjennom tekstane før vi sender dei frå oss. Av våre 50 medarbeidarar er om lag 30 tilknytta oversetting, fordelt på 17 språk.

Reiseliv

Alltyp har svært god kompetanse og kombinasjon i kommunikasjon i reiselivet. Vi har utanlandske oversettarar som snakkar norsk flytande, norske oversettarar med morsmålsbakgrunn og høgsskuleutdanna personell med brei erfaring i det aktuelle språket. Blant dei utanlandske har vi fleire som snakkar og skriv norsk flytande, kjenner delar av Norge svært godt, og har reiselivserfaring. Denne kombinasjonen er uslåeleg og svært lønsam. Fordi: Det er ikkje berre å oversette ord for ord. Kjennskap til stoffet og erfaring i temaet løner seg alltid.

Målgruppetenking

Alltyp legg vekt på god oversetting som er tilpassa ulike målgrupper, format og behov. Det er ikkje same type språk i ei reiselivsbrosjyre på engelsk som helst skal bli forstått av flest mogleg, som det er i til dømes ein fagtekst for ei smalare målgruppe.

Alle språk

Vi har samarbeidsavtaler med diverse internasjonale firma, slik at vi kan tilby oversetting til så godt som alle språk som finnast. Utover dei språk som står i flaggborgen kan prisen auke ein del.

Det skal løne seg å velge Alltyp Språksikring – vi legg vekt på å tenke langsiktig, og går inn for opparbeiding av gode kundeforhold.

Send oss e-post og få pristilbod:

post@alltyp.no