Vi har ingen faste priser på tenestene våre, bortsett frå standardpakkene på internettsider.
Vi har ingen faste prisar, fordi ingen oppdrag og tekstar er like. Til dømes: Ei bruksanvisning har så mange like avsnitt og uttrykk at det ikkje er rett å ta ein viss sum pr.ord.
Vi har vunne dei fleste anbod vi har vore med på, og vi har berre nøgde kundar.
Alltyp Språksikring gir deg eit pristilbod når vi veit omfanget av oppdraget, og så forhandlar vi ut frå det.
Så enkelt er det.
Eit forslitt uttrykk passar bra her: Vi tåler samanlikning.
Kontakt
Vi set pris på kontakt pr e-post. Adressa er post@alltyp.no. Bruk gjerne vårt e-postskjema. Vi kommuniserer helst elektronisk, men bruker telefonen der det trengs.
Telefon Alltyp Språksikring: 350 45 990, mobiltelefon 9717 7014.
Kontaktperson

Dagleg leiar Helge Reinholt (f.1967) er kontaktperson og koordinerer oppdraga. Med lang og variert erfaring innan språk, utdanning, media og journalistikk er vurderingsevna god i høve både anbod, kommunikasjon med kunden og kvalitetssikring. Be gjerne om CV.
Du skal kunne stole på Alltyp Språksikring, og det er derfor vi er her: For at du skal kunne sette bort eit oppdrag slik at det løner seg. Våre tenester er til sals fordi vi veit vi er gode på kommunikasjon. Alltyp Språksikring er eit moderne firma som kommuniserer svært raskt og effektivt, og vi har hatt ei god utvikling sidan oppstarten i 2000. Firmaet er gjeldfritt og har ryddig økonomi.





