Det er betre butikk i godt språk enn mange trur. Eller motsett: Det er fleire som taper på dårleg språkbruk enn dei er klar over. Alltyp Språksikring har mange svært dyktige medarbeidarar på språkvask og korrektur. Her er det universitetsutdanning og solid kompetanse og erfaring heile vegen, og kvar person har sitt spesialfelt.
Vi har like god kompetanse på nynorsk som bokmål.
Kva er det som skiller i skriftleg kommunikasjon? Det er språket, teksten, ordvalga og korleis språket er bygd opp og retta mot dei som skal lese det.
Det er altså ikkje same språkbruken i gode og i dårlege søknader.
Det er ikkje alltid lett å skrive kort, og samstundes vere informativ nok. Som regel skriv folk for langt og for omfattande. Det er ein kunst å skrive kort nok. Hugs: Jo kortare ein tekst er jo fleire personar les den.
Dette er Alltyp Språksikring sitt utgangspunkt for språkvask og korrektur.
For faste kundar er det mogleg å ha ei avtale der korrektur blir utført på timen– eller på nokre minutt. Ved hjelp av e-post og SMS kan tekstar raskt bli retta opp.
Send oss e-post og få pristilbod: post@alltyp.no





